Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGulden, Amund
dc.contributor.advisorDigranes, Ingvild
dc.contributor.authorPettersen, Vibeke
dc.date.accessioned2013-08-09T07:50:08Z
dc.date.available2013-08-09T07:50:08Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/1528
dc.descriptionMaster i formgiving, kunst og håndverken_US
dc.description.abstractI 2006 fekk arkitektur plass som eit eige hovudområde i dei norske læreplanane. Undervisning og medvitsgjering av dette emnet kan fremje både brukarmedverknad og interessa for gode omgivnader. Både arkitekturteorien og Kunnskapsløftet legg vekt på viktigheita av kunnskap rundt omgrep og skildringar av det visuelle. Arkitektur omgir oss alle og vedgår oss alle. Som vaksne kan vi verte sette i posisjon til å ta stilling til korleis våre omgivnader skal sjå ut, og måtte ta avgjerdsle rundt dette ved hjelp av vår eiga visuelle evne. Eit felles repertoar kan gjere oss i stand til å samanlikne og ta kvalifiserte vurderingar rundt våre bygde omgivnader. For at lekmenn skal kunne utvikle eit felles repertoar, må ein tileigne seg denne kunnskapen gjennom åra i grunnskulen som er folket si felles kunnskapsbase. Ved å gjennomføre eit undervisningsopplegg og intervju med elevar på mellomtrinnet, har eg forsøkt å avdekkje kva omgrep og språk dei nyttar for å reflektere rundt dei nære omgivnadene. Som eit utgangspunkt laga eg eit undervisningsopplegg med fokus på formalestetikk og eigenskapar i våre bygde omgivnader. Vidare søkte eg etter samanhengar i elevane sine refleksjonar frå intervjua og den valde teorien. Med dette søkte eg etter ei stadfesting på at elevar i denne aldersgruppa er i stand til å forstå og bruke konkrete omgrep i sine refleksjonar rundt arkitektoniske eigenskapar i våre bygde omgivnader. Undervegs i både undervisningsopplegget og intervjua viste det seg at funna skulle bli noko heilt anna enn det eg i utgangspunktet hadde sett føre meg. Elevane sine interesser var først og fremst retta mot bruken av staden og ikkje på dei formalestetiske eigenskapane som låg til grunn for undervisninga. Eg oppdaga dermed eit sprik mellom elevane sin måte å reflektere rundt sine bygde omgivnader og ekspertane sine skildringar av arkitektur.nob
dc.description.abstractIn 2006 architecture got its own main area in the Norwegian curriculum. Teaching and knowledge round this subject can lead to both user participation and interest amongst the good built environment. Both architectural theory and the Norwegian curriculum “Kunnskapsløftet” emphasize the importance of knowledge about concepts and descriptions of the visual. Architecture surrounds and affects us all. As adults we can be put in a position to decide the visual outcome of our surroundings, and have to make decisions based on our own visual knowledge. A common repertoire can enable us to compare and make informed judgments on our built surroundings. If laymen are to develop a shared repertoire, one must acquire this knowledge through years of primary school; witch is the people’s common knowledge base. Thru teaching and interviews with pupils in middle school, I have tried to uncover what kind of concept and language the pupils use to reflect on the built environment in the close surroundings to the school. As a starting point I created a teaching program for the students with focus on formal and aesthetic qualities in our built surroundings. The teaching program was followed up by interviews with pupils focusing on the same topic. Furthermore, I searched for connections between the pupils' reflections from the interviews and the selected architectural theory. With this I wanted to get a confirmation that the pupils in this age group are able to understand and use specific terms in their reflections about architectural traits in our built surroundings. Along the way, both the teaching program and interviews showed that the findings would be something quite different than what I had initially anticipated. The pupils' interests were primarily directed towards the use of space and not on the formal aesthetic properties that formed the basis for the teaching program. I discovered a gap between pupils’ way to reflect on their built surroundings and the experts’ description of architecture.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen i Oslo og Akershus. Fakultet for teknologi, kunst og designen_US
dc.subjectArkitekturen_US
dc.subjectEleveren_US
dc.subjectSkoleren_US
dc.subjectLæringen_US
dc.subjectUndervisningen_US
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.subjectVDP::Humaniora: 000::Arkitektur og design: 140::Arkitektur- og designteori: 142en_US
dc.title- Er dette arkitektur? : Om elevar på mellomtrinnet sin måte å utrykkje eigenskapar i arkitekturen i møte med nære bygde omgivnadaren_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel