Multippel sklerose og meistring
Abstract
Bakgrunn for oppgåva: For mange vil det å få ein kronisk sjukdom opplevast som dramatisk. Hovudfokuset vil ofte vere å starte aktiv medisinsk behandling, men hjå MS-ramma finst det inga kurativ behandling, den første tida vil då for mange kjennast skremmande og usikker. Hensikta med oppgåva er å finne ut korleis sjukepleiarar kan fremje meistring hjå pasientar med multippel sklerose og kva slags meistringsstrategiar som bør nyttast. Problemstilling: ”Korleis kan du som sjukepleiar fremje meistring hjå ein pasient med nydiagnostisert multippel sklerose?” Metode: Litteraturstudie er brukt som metode. Det har blitt innhenta informasjon frå kvalitative og kvantitative forskingsartiklar, for å få eit bilete på korleis det opplevast å bli nydiagnostisert med MS, samstundes er det viktig å sjå på kvantitativ forsking for å få målbare data. Diskusjon: Det stridast om det er mogeleg å velje kva for ein meistringsstrategi ein skal bruke. Det er også usemje om ein meistringsstrategi er meir hensiktsmessig å nytte enn ein annan. Fleire aspekt kan gjere det vanskeleg for pasienten når han skal handtere sjukdomen, til dømes at han har fått upresis og utdatert informasjon eller går rundt med falske forhåpningar, mange har også eit svært negativt bilete på sjukdomen frå før. Resultat: Ein ser at nydiagnostiserte MS-pasientar nyttar ein kombinasjon av kjenslefokusert- og problemfokuserte meistringsstrategiar. Informasjon og rettleiing har vist seg å vere sentralt rundt diagnosetidspunktet, for at pasienten skal kunne forstå symptom, delta i behandling og handtere til dømes funksjonsnedsettingar.
Description
Bachelor i Sykepleie