Kartlegging av kvaliteten på norsk nettbasert helseinformasjon om søvn - Ein tverrsnittstudie
Master thesis
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3133926Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Formål: Denne studien har som formål å systematisk kvalitetsvurdere tilgjengeleg norsk nettbasert helseinformasjon om søvn retta mot småbarnsforeldre med barn i alderen 0-1 år. Helseinformasjonen denne studien skal vurdere omhandlar to spesifikke tema innan søvn – førebygging av krybbedød og handtering av søvnvanskar hos barn i alderen 0-1 år. Både krybbedød og søvnvanskar er tema på helsestasjon. Som helsesjukepleiar i ein hektisk arbeidskvardag kan nettbasert helseinformasjon om ulike temaområde truleg vere nyttig. Det vil difor vere interessesant å kartlegge kvaliteten på helseinformasjonen som eksisterer for å undersøke i kva grad den legg til rette for informerte val.
Problemstilling: Kva er kvaliteten på norsk nettbasert helseinformasjon om krybbedød og søvnvanskar retta mot foreldre med barn i alderen 0-1 år? I kva grad legg helseinformasjonen til rette for at småbarnsforeldre kan ta informerte val?
Metode: Studien er ein tverrsnittstudie der ein måler i kva grad kvalitetskriterium er oppfylt i eit utval av nettsider som inneheld helseinformasjon ved å bruke verktøyet MAPPinfo. MAPPinfo består av 19 kvalitetskriterium som er utvikla basert på internasjonale standarar for helseinformasjon. Utvalet av helseinformasjon inkludert i kvalitetsvurderinga er identifisert gjennom strukturerte søk i Google.
Resultat: Det totale utvalet (=n) består av 61 nettsider der (n=36) av dei inkluderte er innan temaet førebygging av krybbedød, og (n=25) innan handtering av søvnvanskar. Gjennomsnittleg oppfyller utvalet av helseinformasjon for begge tema 18,3% av kvalitetskriteria som vert vurdert gjennom MAPPinfo.
Konklusjon: Resultata indikerer at helseinformasjonen inkludert i denne studien i liten grad legg til rette for at småbarnsforeldre kan ta informerte val rundt førebygging av krybbedød og handtering av søvnvanskar. Resultata i denne studien indikerer eit behov for forbetring og vidareutvikling av den nettbaserte helseinformasjonen som omhandlar førebygging av krybbedød og søvnvanskar. Dei indikerer også behov for kartlegging av ytterlegare helserelaterte tema og problemstillingar. Slik situasjonen er i dag stillast det høge krav til helsesjukepleiar som må finne et svar på systemnivå for å forsøke å kompensere for dårleg informasjon.
Purpose: To systematically assess the quality of Norwegian web-based health information about sleep aimed at parents with children aged 0-1 year. This study aims to assess health information regarding two specific themes within sleep – preventing sudden infant death syndrome (SIDS) and managing sleep difficulties. Both SIDS and sleep difficulties are topics that one encounters at a child health clinic. Public health nurses have many duties, and are usually quite busy. Web-based health information could potentially be beneficial and a helpful tool for public health nurses. Therefore is the aim of this study to assess the quality of health information through examining to what extent it facilitates informed choice.
Thesis: What is the quality of Norwegian web-based health information regarding SIDS and sleeping difficulties that is aimed for parents with children aged 0-1 years? And to what extent does the health information facilitate informed choices?
Method: A cross-sectional study where the extent to which quality criteria are met in each individual web-based health information. This is measured using MAPPinfo which consist of 19 quality criteria that is developed based on international standards for health information. The selection of health information included in the quality assessment has been identified through structured searches in Google.
Result: The total selection (=n) consists of 61 web-based health informations, of which (n=36) with the topic SIDS prevention, and (n=25) within managing sleep difficulties. On average, the selection of health information for both themes fulfils 18,3% of the quality criteria assessed through MAPPinfo.
Conclusion: The results indicates that the health information included in this study does not enable parents of young children to make informed choices regarding prevention of SIDS and managing of sleep difficulties. Based on the results of this study, a need for improvement and further development of web-based health information regarding these topics is suggested. Also assessing other relevant topics regarding health would be necessary. There is a high demand placed on public health nurses who must find answers at a system level to compensate for low-quality information.