• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Faculty of Health Sciences
  • HV - Master Theses
  • HV - Master i Rehabilitering og habilitering
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Faculty of Health Sciences
  • HV - Master Theses
  • HV - Master i Rehabilitering og habilitering
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Samspel heile vegen heim: Ei studie om eldre rehabiliteringsbrukerar sine erfaringar med overgangen frå kommunal korttidsavdeling til eigen heim

Hjelle, Nina
Master thesis
Published version
Thumbnail
Åpne
hjelle_mareh2020.pdf (1.091Mb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/8956
Utgivelsesdato
2020
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • HV - Master i Rehabilitering og habilitering [58]
Sammendrag
Formål: Formålet med masteroppgåva har vore å undersøkje kva som er viktige for eldre rehabiliteringsbrukerar i overgangen frå kommunal korttidsavdeling og til heim. I oppgåva ser ein nærare på kva som gjer overgangen vanskeleg og kva som understøttar overgangsprosessen på ein god måte.

Teoretisk forankring: Masteroppgåva tar utgangpunkt i teori om stad og rom, samt heimen som arena for dei eldre. Den inneheld også litteratur om eldre og rehabilitering, samt samhandling for å skape ei teoretisk forståing for emnet.

Metode: Masteroppgåva har ei kvalitativ tilnærming. Det har blitt gjennomført ti kvalitative intervju av eldre personar over 65år, busett i to forskjellige kommunar. I analyse av materialet har det blitt nytta tematisk analyse, og funna vart delt inn i fem kategoriar. Desse kategoriane er «å kome heim», «forutsigbarheit gjennom informasjon», «pårørande si rolle», «helsepersonell si rolle» og «trygg i eigen heim».

Resultat og konklusjon: Funna i masteroppgåva viser at det er fleire faktorar som er viktige for dei eldre i overgangen frå korttidsavdeling til heim. Tryggleik trer fram som viktig. For å oppnå denne tryggleiken er det sentralt med informasjon for å skape ein forutsigbarheit om korleis ting blir når dei eldre kjem heim. For å skape slik forutsigbarheit er samhandling mellom ulike helsepersonell, brukaren sjølv og pårørande viktig. På bakgrunn av dette står samarbeidande praksis fram som eit viktig konsept. Tryggleik skapast også gjennom oppfølging i heimen av helsepersonell og ved moglegheita til å tilkalle dei ved behov. Dette gjerast blant anna ved hjelp av tilrettelegging med tryggleiksalarm. Til slutt er pårørande og andre omsorgspersonar viktig for dei eldre, både med tanke på praktiske gjeremål og sosialt for førebygging av einsemd.
Beskrivelse
Master i rehabilitering og habilitering
Utgiver
OsloMet - storbyuniversitetet. Institutt for fysioterapi
Serie
MAREH;2020

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit