Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKoren, Per Solvang
dc.contributor.authorFlatland, Eli
dc.date.accessioned2020-09-22T11:49:33Z
dc.date.available2020-09-22T11:49:33Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/8955
dc.descriptionMaster i rehabilitering og habiliteringen
dc.description.abstractBakgrunn: Gjennom den historiske utviklinga har synet på funksjonshemming og rehabilitering både internasjonalt og i Noreg utvikla seg frå eit medisinsk til eit samfunnsorientert perspektiv. Ein ser også ei helsepolitisk utvikling ved at stadig fleire aktørar medverkar i prosessar som er med på å forme rehabiliteringsfeltet. Representantar for både styresmakter, fagprofesjonelle og brukarar tar del i utviklinga. Hensikt: Hensikta med denne studien er å undersøkje korleis ulike tolkingar av (re)habilitering kjem til uttrykk i høyringsprosessen om ny norsk definisjon av habilitering og rehabilitering. På denne måten blir det synleg kva dei ulike aktørane legg vekt på innanfor (re)habilitering, og kva som skil aktørane. Materiale og metode: Det er nytta tekstanalyse av tekstane i høyringa. Tekstmaterialet består av totalt 104 høyringssvar frå ulike aktørar i tillegg til høyringsnotatet frå Helse- og omsorgsdepartementet som er nøkkeldokumentet i studien. Analyse, drøfting og konklusjon: Seks område trer fram som sentrale element i arbeidet med å bidra til definering av (re)habilitering i høyringsprosessen. For det fyrste eit tydeleg ynskje om to definisjonar, ein for habilitering og ein annan for rehabilitering, dette for å framheve forskjellane ved dei to fagområda. For det andre er det stor tilslutning til valet om å tydeleggjera i definisjonen at (re)habilitering omfattar meir enn berre fysisk funksjonsevne. Ved at også psykiske og sosiale faktorar vert teke omsyn til, framstår det som eit meir heilskapleg perspektiv. Det tredje området er brukarmedverknad som ansvarleggjering, og det er her det er størst skilnad mellom innspela til dei ulike aktørane. Her vart brukaren sin eigen innsats og eige ansvar for (re)habiliteringen vektlagt. Brukarane er skeptiske til det store ansvaret det vert antyda at dei skal ha. For det fjerde blir kunnskapsbasert praksis foreslege som ein del av definisjonen, og her blir føresetnadene for kunnskapen trekt fram som eit sentralt element. Det handlar om gode fagmiljø, formidling av kunnskap tilpassa den enkelte brukar, og avklaring av kven som har ansvaret for at praksisen er kunnskapsbasert. Det femte området handlar om at (re)habilitering vert sett på som ei samansett verksemd som krev ei tverrfagleg tilnærming. Her kjem det fram tydeleg kritikk av den delen av forslaget som opnar for om at monofagleg innsats også kan vera (re)habilitering. Siste området handlar om tidsavgrensing som eit avgjerande verkemiddel i (re)habiliteringsprosessen, spesielt med vekt på målsetjingsarbeid og evaluering av tiltak. Eit stort fleirtal av høyringsuttalane argumenterer for å halde på tidsaspektet i definisjonen av (re)habiliteringen
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - storbyuniversitetet. Institutt for fysioterapien
dc.relation.ispartofseriesMAREH;2020
dc.subjectRehabiliteringen
dc.subjectHabiliteringen
dc.subjectBrukermedvirkningen
dc.subjectBrukarmedverknaden
dc.subjectHøringsprosessenen
dc.title(Re)habilitering som definisjon: Ei analyse av innspel frå styresmakter, fagprofesjonelle og brukarar til ny definisjon i Forskrift for habilitering og rehabiliteringen
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel