Helsehjelp med tvang : ei kvalitativ studie av norske vedtaksdokument
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/555Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tema for oppgåva er helsehjelp med tvang. 1. januar 2009 trådde kapittel 4A i
Pasientrettslova i kraft og opna for å gi somatisk behandling og helsehjelp til pasientar over
16 år utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp. I praksis oppstår det vanskelege
dilemma av etisk og juridisk karakter ved helsehjelp til desse pasientane. Slike dilemma finst
det ingen fasitsvar på. Helsehjelp med tvang fører også med seg problemstillingar rundt
tekstleg formidling og tolking av pasient og helsepersonell si framtreden, og av
legitimeringsstrategiar og argumentasjon. På grunn av konsekvensar for livskvalitet, er meir
kunnskap på området av stor betyding.
Problemstillinga for oppgåva er korleis helsehjelp med tvang vert legitimert etter
kapittel 4A i Pasientrettslova. For å svara på problemstillinga, er det nytta kvalitativ analyse
og språkanalyse. Materialet er 25 tvangsvedtak utlevert frå Helsetilsynet.
Analysen viser store skilnader i korleis den langvarige og hyppige tvangsbruken vert
legitimert. Det er betydelege forskjelar i språk og argumentasjon i vedtaka, og dette kan
eksemplifiserast med to motsetningar: 1) Det knappe vedtaket med ufullstendige setningar og
usynlege aktørar der argumentasjonen er manglande eller består av einkeltord, og 2) det meir
innhaldsrike vedtaket som tydeleggjer aktørar og ansvar og let lesar få del i argumentasjon og
vurderingar.
Det vert vidare drøfta korleis språkbruk og argumentasjon kan gi konsekvensar ut over
det einkelte vedtak ved å påverka holdningar og vera med å utforma vidare praksis. The topic of this thesis is the use of force in Norwegian health care. The Norwegian
Patient Rights Act, Chapter 4A, which came into force on the 1st of January 2009, regulates
the use of force during medical treatment and other forms of health care for patients over the
age of 16 who lack the capacity to give informed consent. Treatment and care for theese
patiens often involve ethical and legal dilemmas to which there are no clear answers.
Additionally, they involve complex textual practices, including the interpretation and
understanding of patients` and professionals` behavior, legitimating strategies and
argumentation. Because of the quality of life issues at stake, more knowledge about the issues
is urgently needed.
4
The primary research question is how the use of force in Norwegian health care is
justified in accordance with the Patient Rights Act, Chapter 4A. This question is explored
through the qualitative and linguistic analysis of 25 formal decision documents that authorize
the use of force (provided by the Norwegian Board of Health Supervision).
The analysis demonstrates that there are great discrepancies as to how the frequent and
long-term use of force is justified. There are considerable differences in the language use and
argumentation strategies in the documents, tending towards two polar opposites: 1) The short
resolution, characterized by incomplete sentences, obscured agency and minimal
argumentation, and 2) the longer resolution, which shows the agents, make the responsibility
clearer, and lets the reader take part in the argumentation and evaluation.
It is further discussed how language use and argumentation have consequences beyond
the decision documents by influencing on attitudes and everyday practice.
5
Beskrivelse
Master i rehabilitering