Eit «svarteperspel» med brukarane som innsats? Ein kvalitativ studie med fokus på spenningsfeltet mellom brukarar, fagfolk, institusjonar, fag og økonomi på rehabiliteringsfeltet.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/2123Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rehabilitering som verksemdsområde kan forståast som eit mangfaldig tverrprofesjonelt, tverretatlig, komplekst og utfordrande fagleg kryssfelt. Denne kvalitative studien ser nærare på kva utfordringar fagpersonar på rehabiliteringsfeltet skildrar i arbeidet mellom første- og andrelinjetenesta. Målet er å kaste lys over kva som faktisk skjer i spenningsfeltet mellom brukarar, fagfolk, institusjonar, fag og økonomi på rehabiliteringsfeltet. Data er henta inn gjennom tre tverrfagleg samansette fokusgruppeintervju med til saman 19 fagpersonar frå private rehabiliteringsinstitusjonar, spesialist- og kommunehelsetenesta. Funna kan indikere at: valg av rehabiliteringsarena kan vere tilfeldig, det er behov for «mellomstasjonar» mellom første og andrelinjetenesta, fagpersonane etterlyser eit felles tankegods knytt til rehabilitering og økonomi kan sjå ut til å overstyre faglege vurderingar. Studien konkluderar med at: valg av rehabiliteringsarena bør bestemmast ut frå funksjonsnivå framfor diagnose, det kan sjå ut til å vere behov for «mellomstasjonar» mellom første og andrelinjetenesta, ein fare ved å utvikle eit felles tankegods kan vere at ein misser den kimen til framdrift som ligg i at ein ser, og forstår «verda» frå ulike ståstadar og at aktørane på rehabiliteringsområdet bør ta eit felles ansvar slik at brukarane ikkje blir skadelidande på grunn av uklare ansvarsforhold. Rehabilitation activity can be viewed as a diverse, interprofessional, interdepartmental, complex and challenging professional crossfield. This qualitative study looks into the challenges connected to the interaction and coordination between the primary and secondary health services as described by healthcare professionals. The purpose is to clarify what really happens in the crossfield between clients, professionals, institutions, profession and economy. Data is obtained through interviewing 19 participants from private rehabilitation institutions, primary and secondary health services, from three different interprofessional focus groups. Results indicate that: choice of rehabilitation arena can be random, that there is a need for rehabilitation institutions in between the primary and secondary health services, professionals call for a common rehabilitation philosophy and economy seems to overrule professional assessment. The study concludes that: choice of rehabilitation arena should preferably be determined by level of functioning rather than diagnosis, there seems to be a need for rehabilitation institutions in between primary and secondary health services, by developing a common rehabilitation philosophy healthcare professionals can lose the advantage of seeing and understanding the world from different perspectives, and that the professionals within the field of rehabilitation should take/share a common responsibility so that clients/users don´t end up as casualties due to unclear responsibilities.
Beskrivelse
Master i rehabilitering og habilitering