Normutfordrande bildebøker si rolle for demokrati
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3186794Utgivelsesdato
2025Metadata
Vis full innførselBeskrivelse
Full text not available
Sammendrag
Denne masteroppgåva undersøkjer tre normutfordrande bildebøker. Barbie-Nils & pistolproblemet av Kari Tinnen (forfattar) og Mari Kanstad Johnsen (illustratør) frå 2011, Julian er en havfrue av Jessica Love (forfattar og illustratør) og Eivind Sudmann Larssen (oversetjar) frå 2020, samt Mieko danser av Mariko Miyata-Jancey (forfattar) og Skinkeape alias Marianne Gretteberg Engedal (illustratør) frå 2023. Bildebøkene kan vere utfordrande både tematisk og estetisk, og skildrar barn i møte med normer og konvensjonar kring kjønn. I tillegg drøftar oppgåva korleis lesing av bøkene kan knytast til demokrati. Materialet mitt er analyse av bøkene, samt mottakinga desse har fått i samfunnet. Analysane byggjer på teori om skjønnlitteratur, barnelitteraturteori generelt og bildebokteori spesielt, samt teori kring skjønnlitteratur si rolle for demokrati, med hovudvekt på Martha Nussbaum si tese om den narrative førestillingsevne.