Perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter hjå ungdom og unge vaksne - Ein tverrsnittstudie
Master thesis

Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3177487Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSammendrag
Tittel: Perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter hjå ungdom og unge vaksne – Ein tverrsnittstudie.Formål: Formålet med masteroppgåva var å undersøke om det er samanheng mellom perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter. Vidare var det eit mål og undersøke om det er forskjell i samanhengen for gutar og jenter, og om det er forskjell i samanhengen for dei med og dei utan symptom på depresjon.Metode: Denne tverrsnittstudien er basert på data innhenta gjennom ein pilotstudie i HEYoung-prosjektet ved OsloMet. Utvalet består av 193 ungdommar og 81 unge vaksne mellom 15 og 26 år på Austlandet. Langvarige muskelskjelettsmerter er målt ved sjølvrapporterte vekentlege smerter siste tre måneder og som sjølvrapporterte vekentlege smerter med smerteavgrensing i kvardagen. Perfeksjonisme er målt ved det sjølvrapporterte spørjeskjemaet Frost Multidimensional Perfectionism Scale. Det vart nytta logistiske regresjonsanalyser for å vurdere samanhengane mellom perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter, og langvarige muskelskjelettsmerter med smerteavgrensing i kvardagen. Resultata er presenterte som odds ratio (OR) med 95% konfidensintervall (KI). Forskjell i samanhengane vart undersøkt ved bruk av interaksjonsledd i analysene. Modellane vart justerte for kjønn, aldersgruppe, sosioøkonomisk status og symptom på depresjon.Resultat: Det var ingen statistisk signifikant samanheng mellom perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter (OR 1.02, 95% KI 0.99-1.05, p-verdi: 0.205), eller mellom perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter med smerteavgrensing i kvardagen (OR: 1.03, 95% KI 0.99-1.07, p-verdi: 0.114). Ingen statistisk signifikant forskjell vart funne i samanhengen for gutar og jenter (p-verdi 0.647), eller for dei med og dei utan symptom på depresjon (p-verdi 0.462).Konklusjon: Resultata viste ingen statistisk signifikant samanheng mellom perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter, eller mellom perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter med smerteavgrensing i kvardagen. Det var ingen signifikant forskjell i samanhengen for gutar og jenter, eller for dei med og dei utan symptom på depresjon. Framtidige studier bør undersøke samanhengen mellom perfeksjonisme og langvarige muskelskjelettsmerter longitudinelt, samt undersøke kva for rolle depresjon speler i samanhengen.Nøkkelord: «Muskelskjelettsmerte», «Perfeksjonisme», «Ungdom», «Unge vaksne».