Prioriteringar - på godt og vondt. Ein kvalitativ studie av psykomotoriske avtalefysioterapeutar sine erfaringar med lange ventelister.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3168255Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSammendrag
Bakgrunn: I norsk helsevesen får stadig fleire pasientar hjelp, samtidig som ventelistene aukar. Tidlegare forsking stadfestar at fysioterapeutar ofte må handtere lange ventelister. Vi veit at lang ventetid er eit særleg stort problem hos psykomotoriske fysioterapeutar, men vi har lite kunnskap om kva erfaringar terapeutane har kring dette.
Hensikt: Å bidra til auka kunnskap kring psykomotoriske avtalefysioterapeutar sine erfaringar med lange ventelister.
Metode: Studien har eit kvalitativt design og er basert på eit 90- minuttars fysisk fokusgruppeintervju med seks psykomotoriske avtalefysioterapeutar. Materialet vart analysert ved hjelp av systematisk tekstkondensering.
Resultat: Funna lyftar fram at innføring av prioriteringsnøkkelen og auka bevisstheit kring vurderingar og avklaringar, har medført ei endring i retning kortare ventelister. Dei psykomotoriske avtalefysioterapeutane kjenner på eit ytre press om å effektivisere praksisen sin, noko som går på bekostning av dei aller sjukaste pasientane som ikkje lenger blir prioritert då dei er for ressurskrevjande. Sjølv om ventelistene no er meir handterbare, er det mange dilemma å forhalde seg til fordi pasientpågangen framleis er stor og prioriteringsarbeidet er prega av gråsoner. Det er også ulike haldningar til dei psykomotoriske ventelistene. Innad profesjonen verdset dei psykomotoriske avtalefysioterapeutane autonomien og friheita ved dagens ventelistemodell, men samtidig savnar dei fastare rammer. Utad profesjonen opplev psykomotorikarane ei manglande forståing for psykomotorisk fysioterapi.
Konklusjon: Kortare ventelister blir ofte sett som utelukkande positivt, men dette kan også ha negative implikasjonar då det medfører ei nedprioritering av dei sjukaste pasientane. Det kan oppstå komplekse dilemma kring prioriteringar og ressursbruk, og sett i lys av plikt- og konsekvensetikk, blir gjerne dei sjukaste taparane i dei helsepolitiske prioriteringane. Med eit auka press mot effektivisering, større pasientpågang og sjukare pasientar, kan det reisast spørsmål ved kor grensa går for kor effektive terapeutane kan bli i møte med ventelisteproblematikken, samt kven dette går ut over.
Nøkkelord: Psykomotorisk fysioterapi, ventelister, fokusgruppe, profesjonsetikk.