Berekraft i fokus. Integrering av berekraft i kunst og handverksfaget i grunnskulen.
Abstract
Denne masteroppgåva tek føre seg læraren si integrering av berekraft i faget Kunst og handverk. Føremålet med oppgåva er å setja større fokus på viktigheita av ein berekraftig praksis i faget Kunst og handverk. Den nye læreplanen har berekraft som eit av dei tverrfaglege tema, som også trer meir fram i kompetansemåla. Der vert det blant anna lagt fram at elevane skal utvikla kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handla etisk og miljømedvite. Det er også eit viktig poeng at elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte har noko å seia, og at elevane skal ha kritisk undersøking av forbrukskultur og få erfaring med bruk. Gjenbruk av materiale kan vidare gi elevane grunnlag for å gjera etiske val. Fokuset i oppgåva vert derfor retta mot å få eit innblikk i korleis kunst og handverklæraren integrera berekraft i faget, mot eventuelle utfordringar med dette, og om eventuelle utfordringar leiinga eller Utdanningsdirektoratet (Udir) kunne ha forbetra. Masteroppgåva er ein hermeneutisk-studie basert på ei kvalitativ undersøking. Problemstillinga som dannar grunnlag for undersøkinga og utval av empiri er:På kva måte integrera kunst og handverklæraren berekraft i undervisninga si i grunnskulen?Semi-strukturert intervju med tre kunst og handverklærarar frå grunnskulen utgjer den empiriske kjernen i oppgåva. Intervjua fokusera på korleis dei integrera berekraft i faget sitt. I denne undersøkinga kom det fram blant anna at lærarane kan vere ein viktig ressurs og bidragsytar til integrering av berekraft og at det er viktig at lærarar som underviser i faget har kompetanse og kan få moglegheit til heving av kompetanse. Det vart også løfta fram at skuleeigarane og Udir kan spela ei viktig rolle for å påverke praktiseringa med tanke på ressursheving, kompetanse og satsingsområdet innan det praktiske faget kunst og handverk. For å lysa problemstillinga inneheld masteroppgåva òg ein eigen praktisk kommentar. Denne omhandlar å resirkulere papiravfall frå arbeidsplassen til å laga eit personleg ark, som har fått eit eige estetisk utrykk ved hjelp av matavfall.Nøkkelord: Berekraft, Kunst og handverk, undervisning, skule, økoliteracy, haldbarheit, gjenbruk, material og papirlaging.