Korleis kan ein workshop med utarbeiding av ein kunstnarbok fremma dialog på identitetspolitikken hos fleirkulturelle i Noreg?
Abstract
I denne masteroppgåva presenterast det korleis kunstnarisk forskingsdesign kan visa nye potensial og vinklar innanfor forsking med samfunnsgrupper. Problemstillinga er følgjande: Korleis kan ein workshop med utarbeiding av ein kunstnarbok fremma dialog på identitetspolitikken hos fleirkulturelle i Noreg? Innhenting av data skjedde gjennom ein workshop der deltakarane lagde bidrag til ein kunstnarbok, som eg som kunstnar sjølv har jobba med og satt saman. Forskinga er forankra i forskar Patricia Leavys Method Meets Art – Art Based Research Practice. Leavy jobbar med forsking gjennom kunstnariske metodar med autoetnografisk tilnærming. I dette prosjektet, for å prøva å fremma dialog på identitetspolitikk hos det fleirkulturelle Noreg, vart det skapt eit trykt rom og fellesskap gjennom ein workshop med kunstnarisk praksis og ein felles dialog hos deltakarane. Bakgrunn for tematikken tar utgangspunkt i Noreg som eit fleirkulturelt samfunn der me lever i eitt samfunn med fleire ulike kulturar ved sidan av kvarande. Andre kulturar utanom norsk kultur kjem gjerne inn i samfunnet gjennom innvandring til Noreg. Mellom etnisk norske og innvandrarar finnast det også eit tredje perspektiv, barn av innvandrarforeldre. Barn av innvandrar forelde som er oppvaksen eller delvis oppvaksen i Noreg kjenner gjerne på utfordringa å skulle stå mellom to kulturar. Der barna gjerne praktiserer ulike kulturar samtidig, eit fenomen som kan forklarast med at me lever i eit transkulturelle samfunn. Barn av innvandrarforeldre står gjerne oppi samfunnsdebatten om identitetspolitikk som har blåst seg opp i Noreg dei siste åra. I denne avhandlinga er det snakk om identitetspolitkk knytt til woke-fenomenet, det å vera «årvaken» for positiv endring. Men det er også ein negative klang av woke som mindregjer minoritetars erfaringar, som resultere til marginalisering av minoritetar. Behovet for kunstnarisk forsking på minoritetsgrupper er da viktig for å visa nye potensial for framstilling av minoritetars erfaringar i samfunnet.
Nøkkelord: Kunstnarisk forsking, det fleirkulturelle Noreg, transkulturalitet, barn av innvandrarforeldre, identitetspolitikk, dialogisk kunst, workshop.