Folkehelse og livsmeistring på leirskule: «Det er jo det vi driver med her egentlig»
Abstract
Denne masteroppgåva undersøker korleis leirskule, som ein annan læringsarena, kan bidra til utvikling av elevar sin kompetanse om det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring, som er sentralt i læreplanen. Det vil hovudsakleg bli fokusert på skildringa av folkehelse og livsmeistring i naturfag. Folkehelse og livsmeistring i naturfag skal mellom anna vere med på å ruste elevane med kompetanse til å forstå eigen kropp og oppretthalde god psykisk og fysisk helse. Gjennom denne oppgåva ynskjer eg å bidra med meir kunnskap om folkehelse og livsmeistring på leirskule, ettersom det er mangel på forsking på området.Forskingsspørsmåla i studien er som følgjer: Kva meiner elevar som deltek på leirskule at dei har lært, som kan knytast til kompetanse innan folkehelse og livsmeistring i naturfag? På kva måte meiner leirskulelærarar at ein annan læringsarena kan bidra til kompetanseutvikling for elevar innan folkehelse og livsmeistring i naturfag? Studien har ei kvalitativ tilnærming, og for å samle inn data vart det gjennomført semistrukturerte intervju av fire leirskulelærarar og spørjeundersøking blant 40 elevar. For å analysere datamaterialet vart det gjort tematisk analyse av både intervjua og spørjeundersøkinga.Resultatet viser at elevar gjennom leirskule kan få moglegheit til å utvikle kompetanse innan folkehelse og livsmeistring. Gjennom analysen vart det utforma fire tema som viser kva lærarane og elevane meiner elevane har lært eller som elevane har moglegheit til å lære om: helsekompetanse, sosial kompetanse, sjølvutvikling og naturen som læringsarena. Undersøkingane har vist at elevane har moglegheit til å utvikle kompetansar innan desse områda på leirskule. Alle desse kompetansane kan knytast til kompetansar om FoL i læreplanen, både den generelle delen og naturfagsdelen, i tillegg til kompetansar for det 21. århundre. Det er vist gjennom undersøkingane at leirskuleopplevinga kan skape eit godt grunnlag for å forstå at naturopplevingar og fysisk aktivitet er viktig for psykisk helse.