Klassebamsen inviterer til fest
Abstract
I denne entreprenørielle masteroppgåva er det utvikla eit undervisningsopplegg for 1. klasse. I undervisningsopplegget er klassebamsen sentral, som treng hjelp av elevane til å arrangere fest. Undervisningsopplegget går over tre økter. Hensikta er å inspirere til meiningsfull skriving og lesing, i eit leiktilnærma opplegg som er gøy for elevane. Prosjektet tar utgangspunkt i teori om skriving og lesing i begynneropplæringa og leiktilnærma undervisning. Opplegget skal vere tilpassa dei yngste elevane, og ved bruk av klassebamse og fest som tema, er målet å møte barna si livsverd i undervisninga.
Problemstillinga for prosjektet er:Korleis kan eit undervisningsopplegg med bruk av klassebamse for første klasse vere, der elevane blir inspirert til lesing og skriving, og opplever dette som meiningsfullt?
Forskingsspørsmåla som er undersøkt er:1. Er lærarrettleiinga tydeleg nok til at undervisninga kan gå føre seg utan nærare forklaring?2. På kva måte gir opplegget rom for skrive- og lesesituasjonar som gir meining for elevane?3. Kva elevarbeid blir produsert i undervisningsopplegget?
Pedagogisk designforsking har vore brukt, og undervisningsopplegget har vore testa ut og forbetra i to syklusar. Informantane er lærar og elevar på 1. trinn. Datamaterialet består av observasjon, videoobservasjon, intervju av lærarar, gruppeintervju av elevar og elevarbeid. Dette er brukt til å utvikle undervisningsopplegget.
I tillegg til sjølve produktet, er masteren delt i ein skriftleg del og ein munnleg del. Den skriftlege delen tar for seg den teoretiske grunngjevinga for produktet og utgreiing av metode, medan den munnlege delen går meir inn på utviklinga av produktet i syklusane.