Oppvarmingshandboka
Abstract
I denne masteroppgåva har eg forska på korleis eg kan lage ein lærarressurs for musikkfaget, der målgruppa er musikklærarar i grunnskulen. Oppvarmingshandboka sit føremål er å inspirera lærarar til å bruka leik som oppvarming for å skapa engasjement, glede og eit trygt klassemiljø blant elevane. I samarbeid med Musikk i Skolen har eg produsert videoar til ti oppvarmingsøvingar/teaterleikar, der dei fleste er innspelt på Romerike Folkehøgskule med åtte av deira elevar. Videoane er til for at ein lærar enklast mogleg skal kunne lære seg øvingane gjennom å sjå dei munnleg og visuelt forklart, i tillegg sjå oppvarmingsøvingane bli gjort av elevar. Eg har brukt pedagogisk designforsking som metode, der eg har designa, testa ut og redesigna i to syklusar. I kvar syklus innhenta eg datamateriale med å besøke ein ungdomskule der eg gjennomførte kvalitativt observasjon av uttestinga av min lokale teori, som er Oppvarmingshandboka. I etterkant av observasjonane vart det gjennomført kvalitativt intervju av lærarane som prøvde ut Oppvarmingshandboka. I begge syklusane vart datamaterialet analysert, deretter vart det gjennomført ei redesign for å forbetre Oppvarmingshandboka. Hensikta med studien er todelt, der målet er å skape ein inspirerande lærarressurs, som er enkel for lærarar å forstå og ta i bruk, slik at fleire vil bruke leik i klasserommet, samtidig kome med ny forsking på feltet om kvifor ein bør bruke leik i klasserommet med elevar.
Nøkkelord: Oppvarming, leik, pedagogisk designforsking, sosiokulturelt læringssyn, grunnskulen, lærarressurs.