«På oppdagingsferd i den norske naturen» – Utforskande arbeidsmåtar med museum som læringsarena
Abstract
I dette entreprenørielle masterprosjektet har eg utvikla eit undervisingsopplegg for ungdomstrinnet knytt til «Norske sal» på Naturhistorisk museum i Oslo, som kan nyttast av museet eller av naturfaglærarar som ynskjer å nytte museum på ein elevaktiv måte. Temaet for undervisingsopplegget er tilpassingar i naturen knytt til prinsipp innanfor økologi, og er eit opplegg som baserer seg på nøkkelpraksisar innanfor utforskande arbeidsmåtar. Opplegget består av aktivitetar knytt til forarbeid og etterarbeid som gjennomførast i klasserom, og til eit opplegg som gjennomførast på museet. Til undervisingsopplegget følgjer ressursar i form av utskrivbare QR-koder med spørsmål, svarark til elevar, omgreps- og forklaringskort og oppgåver, samt ein lærarvegleiing og ein brukarvegleiing for museet.
Undervisingsopplegget er utvikla utifrå kjenneteikn på utforskande arbeidsmåtar, og gjennom utvikling og utprøving av opplegget er følgjande forskingsspørsmål forsøkt svart på:
• Korleis kan ein leggje til rette for utforskande arbeid ved bruk av museum som læringsarena?• Kva nøkkelpraksisar i utforskande arbeid kjem til syne i elevdiskusjonar og elevsvar?
Det teoretiske bakteppet er teori og forsking om museum som læringsarena, og teori om utforskande arbeidsmåtar. Undervisingsopplegget er utvikla basert på pedagogisk designforsking som overordna metode. Det er samla inn kvalitativ data i form av elevsvar supplert med lydopptak av elevdiskusjonar og observasjon. Datamaterialet er analysert ved bruk av eit analyserammeverk basert på kategoriar frå nøkkelpraksisar i utforskande arbeid, og analysen er utgangspunkt for revidering av undervisingsopplegget.