Fagleg engasjement for berekraftig utvikling
Abstract
I læreplanverket er utforskande arbeidsmåtar ein vektlagt metode for å leggja til rette for at elevar får øvd på ferdigheitar og kompetanse. Innan berekraftig utvikling vert handlingskompetanse særleg omtalt, og skal fokuserast på gjennom heile utdanninga. Engasjement vert vektlagt i styringsdokumenta som ein ressurs i elevane si læring, og bør leggast til rette for og forsøkt ivaretatt i undervisninga. Studiet undersøkte om eit utforskande undervisningsopplegg som fokuserte særleg på å engasjera elevane, var eit nyttig verktøy for å skapa ein god undervisningssituasjon for det tverrfagleg temaet berekraftig utvikling. Gjennom kvalitativ datainnsamlingsmetode vart elevane sine indikasjonar på fagleg engasjement og deira berekraftsfokus i undervisninga sine ulike deler undersøkt, etterfylgt av eit kort intervju. Utvalet bestod av 24 elevar fordelt på seks grupper på same ungdomsskule. Til intervjusituasjonen i etterkant var det ni elevar frå utvalet som deltok. Det vart nytta to analyseverktøy. Eit eigenutvikla teoridrive analyseverktøy, for å analysera elevane sine indikasjonar av engasjement. Og analyseverktøyet av Rundgren og Rundgren (2010), SEE-SEP modellen, for å få innblikk i elevane sitt berekraftsfokus.
Resultatet frå studiet gav innblikk i elevane sitt engasjement, og var synleg på ulikt vis under undervisninga sine ulike arbeidsformer. Samtidig gav studiet eit innblikk i korleis elevane sin argumentasjon omhandla eit berekraftsperspektiv. I undervisingsoppstart indikerte elevane engasjement ved å delta aktivt. Funn frå studiet viser at dette engasjementet vart ivaretatt gjennom utforskande arbeid, saman med eit aukande engasjement knytt til berekraft gjennom samtalane på gruppa. Undervisningsressursane vart tolka som å vera av viktigheit både for fagleg engasjement og elevane sitt berekraftsfokus. Oppgåva vart opplevt som relaterbar ved at undervisninga omhandla gjenkjennelege problemstillingar. Elevane vert utfordra til å reflektera på bakgrunn av det dei som grupper kom fram til gjennom utforsking. Årsaka til dei tydlege endringane i indikasjonar for engasjement, kan forståast gjennom den store endringa i undervisninga si oppbygging. Frå samarbeid i grupper der utforsking var i fokus, til deling i heilklasse med refleksjon på bakgrunn av teori, noko som kan virka å stemma gjennom funna frå intervjusituasjonen. Då elevane var tilbake i gruppene, bidrog dei aktiv i diskusjonen. I tillegg viste dei til at dei hadde hatt oppleving av relevans knytt til berekraftsfokuset i undervisninga, og kunne dra parallellar til sitt eige daglegliv.
Nøkkelord: Engasjement, utdanning for berekraftig utvikling, utforskande arbeid, naturfag.