«Det handlar om å skape ein tryggleik i det store utrygge» Ei kvalitativ undersøking av overgangen frå barneskule til ungdomsskule for elevar med autismespekterforstyrring
Description
Full text not available
Abstract
Denne masteroppgåva undersøkjer overgangen frå barneskule til ungdomskule for elevar med autismespekterforstyrring. Hensikta og formålet er å finne ut korleis lærarar arbeidar og legg til rette for at overgangen frå barneskule og ungdomsskule skal bli best mogleg for elevar med ASF. For å kunne gje svar på hensikta er problemstillinga utforma med utgangspunkt i lærarperspektivet, og formulert slik; På kva måte synast lærarar skulen bør legge til rette for ein god overgang frå barneskule til ungdomskule for elevar med autismespekterforstyrring?
For å kunne gje svar på problemstillinga har eg gjennomført ei undersøking ved kvalitative forskingsintervju der utvalet består av seks lærarar frå Vestlandet. Desse lærarane har ulike erfaringar knytt til elevar med ASF, og er både frå mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Intervjua er gjennomført fysisk og datamaterialet består av notat og lydopptak. Datamaterialet er analysert ved hjelp av Braun og Clarke (2006) sin framgangsmåte for tematisk analyse.
Datamaterialet i denne undersøkinga gav fem funn for både moglegheiter og utfordringar knytt til lærarane sitt syn på korleis skulen kan legge til rette for ein betre overgang frå barneskule til ungdomskule for elevar med ASF. Desse funna er føreseielegheit, informasjon, tilrettelegging, administrative rutinar og relasjon. Informantane såg både moglegheiter og utfordringar for kvart funn, men trakk spesielt fram informasjon, føreseielegheit og tilrettelegging som sentrale faktorar. Informantane gjev uttrykk for at dette er utfordrande å få til då skulen er dynamisk og det ofte skjer endingar og uventa situasjonar.
Funna er sett i samanheng med TEACCH-metoden, og blir diskutert som ein mogleg metode som eit utgangspunkt for å skape ein god overgang til ungdomskulen. TEACCH-metoden tek føre seg fem ulike prinsipp for å skape ein autismevennleg kvardag (StatPed, 2022) og alle informantane har nemnt nokre eller alle prinsippa i forskingsintervjuet. Informantane gjev uttrykk for mangelfulle rutinar og systematikk for korleis ein skal gjennomføre overgangen best mogleg. Denne undersøkinga konkluderer med ei anbefaling for korleis skulen kan legge til rette for ein best mogleg overgang til ungdomskulen for elevar med ASF basert på empiri og teori.