Kollektiv analyse av innvandringspolitikk: Feministiske forskingsmetodar i praksis
Peer reviewed, Journal article
Published version
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- NIBR andre publikasjoner [33]
- Publikasjoner fra Cristin [3447]
Abstract
I denne artikkelen tek me utgangspunkt i omgrepet «sakteforsking» og utforskar korleis ein kan jobba med kritisk
tenking og kreativitet gjennom kollektive analyseprosessar. Caset er ein analyseworkshop me gjennomførte hausten
2022, inspirert av kollektiv kvalitativ analyse (KKA) (Eggebø 2020b) og kva er «problemet»?-tilnærminga (WPR)
(Bacchi og Goodwin 2016). Her deltok ei forskargruppe på fem personar i arbeidet med å analysera politiske
dokument om innvandringspolitikk. I artikkelen skildrar me korleis me gjekk fram, og drøftar våre erfaringar i lys av
forskingslitteraturen om kollektive forskingsmetodar. Me erfarte at dei stegvise prosedyrane i KKA og WPR var nyttige
for framdrift og integrering i prosjektet. Men den viktigaste fordelen med kollektive analysar er at det opnar opp eit
kollektivt rom for kreativitet og kritisk tenking. KKA, WPR og god prosessleiing gjev tydelege rammer og skapar den
tryggleiken som gjer gruppa i stand til å kanalisera kreativitet og fantasi inn i analyseprosessen. Samstundes vil me
understreka at ein kan skapa gode gruppeprosessar med ulike føremål, framgangsmåtar og teoretiske tilnærmingar, og
at utviklinga av kollektive arbeidsmåtar i akademia er ein praksis me vil oppfordra studentar og forskarar til å ta del i.