Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorPay, Aase Serine Devold
dc.contributor.authorHimle, Bente
dc.date.accessioned2021-05-26T12:12:50Z
dc.date.available2021-05-26T12:12:50Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2756456
dc.description.abstractBakgrunn: Alle fødslar kan potensielt sett medføre alvorleg bløding. Dersom ein observerer stort blodtap tidleg, kan tiltak for å redusere ytterlegare bløding iverksetjast raskt og dermed betre helseutfallet til mor. Studiar påpeiker at rutinemessige målemetodar er nødvendig for å kvalitetssikre fødselsomsorgen. Norsk gynekologisk foreining anbefalar å fysisk måle opp blødinga framfor visuell estimering. Formål: Å kartlegge korleis jordmødre i Helse Vest estimerer blodtap ved ein vaginal fødsel, både under og etter ein fødsel. Ei oversikt over dagens praksis vil kunne gje grunnlag for å vurdere behovet for å iverksetje tiltak for å betre kvaliteten. Forskingsspørsmål: Korleis estimerer jordmødre i Helse Vest synleg bløding ved vaginal fødsel? Metode: Tverrsnittstudie er nytta som studiedesign. Ved hjelp av Nettskjema vart det sendt ut eit sjølvlaga elektronisk spørjeskjema til jordmødrene. Innsamlingsperioden strakk seg over halv annan månad (våren 2020). Resultat: 83 jordmødre svarte på spørjeskjemaet. 56 av jordmødrene (67,5 %) brukte visuell estimering som målemetode ved tilsynelatande normal bløding (< 500 ml), medan 56 av jordmødrene (67,5 %) brukte kombinasjon av både visuell estimering og gravimetrisk analyse når blødinga overskrider 500 ml. Konklusjon: Det er stor variasjon i val av målemetode både ved normal og unormal bløding, noko som strider i mot anbefalingane. Det er nødvendig med auka fokus på området for å kvalitetssikre fødselsomsorgen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherOsloMet - storbyuniversiteteten_US
dc.relation.ispartofseriesMAJO;2020
dc.subjectVaginal fødselen_US
dc.subjectProsedyreren_US
dc.subjectBlødningen_US
dc.titleKorleis estimerer jordmødre i Helse Vest synleg bløding ved vaginal fødsel: Ei spørjeundersøking blant jordmødreen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel