Korleis estimerer jordmødre i Helse Vest synleg bløding ved vaginal fødsel: Ei spørjeundersøking blant jordmødre
Master thesis
Published version
Date
2020Metadata
Show full item recordCollections
- HV - Master i Jordmorfag [123]
Abstract
Bakgrunn: Alle fødslar kan potensielt sett medføre alvorleg bløding. Dersom ein observerer stort blodtap tidleg, kan tiltak for å redusere ytterlegare bløding iverksetjast raskt og dermed betre helseutfallet til mor. Studiar påpeiker at rutinemessige målemetodar er nødvendig for å kvalitetssikre fødselsomsorgen. Norsk gynekologisk foreining anbefalar å fysisk måle opp blødinga framfor visuell estimering.
Formål: Å kartlegge korleis jordmødre i Helse Vest estimerer blodtap ved ein vaginal fødsel, både under og etter ein fødsel. Ei oversikt over dagens praksis vil kunne gje grunnlag for å vurdere behovet for å iverksetje tiltak for å betre kvaliteten.
Forskingsspørsmål: Korleis estimerer jordmødre i Helse Vest synleg bløding ved vaginal fødsel?
Metode: Tverrsnittstudie er nytta som studiedesign. Ved hjelp av Nettskjema vart det sendt ut eit sjølvlaga elektronisk spørjeskjema til jordmødrene. Innsamlingsperioden strakk seg over halv annan månad (våren 2020).
Resultat: 83 jordmødre svarte på spørjeskjemaet. 56 av jordmødrene (67,5 %) brukte visuell estimering som målemetode ved tilsynelatande normal bløding (< 500 ml), medan 56 av jordmødrene (67,5 %) brukte kombinasjon av både visuell estimering og gravimetrisk analyse når blødinga overskrider 500 ml.
Konklusjon: Det er stor variasjon i val av målemetode både ved normal og unormal bløding, noko som strider i mot anbefalingane. Det er nødvendig med auka fokus på området for å kvalitetssikre fødselsomsorgen.