Diskursive ressursar i rusarbeid – ein analyse av praksisforteljingar
Doctoral thesis, Peer reviewed
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/5926Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Korleis profesjonsutøvarar forstår rusproblem, har avgjerande betydning for korleis
hjelpetilbodet til personar med rusproblem blir utforma. Denne avhandlinga rettar merksemda
mot korleis profesjonsutøvarar sine forståingar av rusproblem og rusarbeid er forankra i
kulturell kontekst. Med utgangspunkt i eit diskursteoretisk perspektiv undersøkjer eg samspelet
mellom kultur og profesjonsutøving ut frå følgjande overordna problemstilling:
Kva diskursive ressursar tek rådgjevarane i bruk når dei i praksisforteljingar gir meining til
rusproblem og til rusarbeid, og kva klientposisjonar, hjelparposisjonar og former for rusarbeid
blir produserte gjennom dei diskursive ressursane som blir analyserte fram?
Studien er basert på totalt 41 forteljingsfokuserte intervju med 23 NAV-tilsette. Dei intervjua
rådgjevarane arbeider på tre ulike NAV-kontor, og alle har på ulike måtar røynsle frå arbeid
med brukarar med rusproblem.
Praksisforteljingane som er produserte i intervjua er analyserte ved hjelp av analytiske omgrep
eigna til å utforske sambandet mellom individ og kultur. Analysane gjer synleg kulturelle,
dynamiske og naturaliserte forhold ved korleis rusproblem og rusarbeid blir gitt betydning.
Studien gir innblikk i nokre av dei kulturelt situerte meiningssamanhengane profesjonsutøvarane
tek i bruk, og syner korleis desse meiningssamanhengane får implikasjonar for kva
posisjonar klientane blir tilbodne, for korleis profesjonsutøvarar forstår sin eigen posisjon, og
for korleis praksis blir forklart og legitimert.
Resultata av analysen blir presenterte i tre artiklar. I den første artikkelen spør eg korleis
diskursar om rusproblem knyter seg til diskursar om alder, og kva subjektposisjonar dette
dynamiske samspelet produserer. Analysen viser korleis bruken av diskursar om alder bidreg
til korleis profesjonsutøvarane prioriterer og differensierer mellom brukarar, gir rusproblem og
rusarbeid bestemte meiningsinnhald, konstituerer fenomen som ansvar og sårbarheit og gjer
tilgjengeleg bestemte hjelpar- og brukarposisjonar.
Den andre artikkelen utforskar kva fortolkingsrepertoar rådgjevarane snakkar innanfor når dei
fortel om endring og mangel på endring i praksisforteljingane, og kva hjelparposisjonar som er
tilgjengelege i dei fortolkingsrepertoara som blir analyserte fram. I artikkelen utforskar vi
korleis endring blir forstått, korleis nemninga blir fylt med innhald i profesjonsutøvarane sin
tale. Artikkelen viser korleis forståingar av endring innverkar på hjelparens oppleving av
suksess og ansvar, for korleis rådgjevarane snakkar fram rusproblemet og for korleis
profesjonsutøvarane posisjonerer hjelparar og klientar.
I den tredje artikkelen utforskar eg kva mønsterforteljingar om personar med rusproblem som
blir tekne i bruk når rådgjevarane fortel om praksis, korleis desse mønsterforteljingane bidreg
til å gi rusproblem og rusarbeid bestemte meiningsinnhald, og kva plot og karakterar mønsterforteljingane
produserer. I artikkelen presenterer eg fire generaliserte forteljingar om klientar
med rusproblem med tilhøyrande plot, kodar og karakterar, og eg viser korleis desse
forteljingane bidreg til å gi meining til hendingar og handlingar hjelparen erfarer, til å produsere
klientidentitetar og til å forklare og legitimere praksis.
Analysane i avhandlinga gir samla sett innsikt i måtar profesjonsutøvarar tek i bruk kulturelt
situerte diskursive ressursar på. Analysane demonstrerer korleis oppfatningar av rusproblem og
rusarbeid kontinuerleg blir presenterte og forhandla om på fleirtydige, dynamiske og personlege
måtar, samstundes som meining blir skapt i høve til kva som blir sett som gyldig og legitimt i
den kulturelle og institusjonelle konteksten rådgjevarane inngår i. Avhandlinga gir også innsikt
i korleis naturaliserte og innforståtte kulturelle oppfatningar er med på å gi rusproblem og
rusarbeid betyding.
Ved å analysere rusarbeid og rusproblem på måtar som viser og overskrid naturaliserte og
innforståtte forståingar, gir avhandlinga eit refleksjonsgrunnlag som kan medverke til setje
etablerte forståingar under vidare utforsking og forhandling. Ved at studien nytter analytiske
tilnærmingar som er lite representerte i forskinga på sosialt arbeid i Noreg, gir også avhandlinga
metodologiske bidrag til korleis forholdet mellom profesjonsutøving og kultur kan utforskast.
Avhandlinga gir kunnskap som er relevant for forskarar, studentar, politikarar, leiarar,
profesjonsutøvarar og andre som har interesse for rusproblem og rusarbeid. Avhandlinga er
også relevant for dei som er interesserte i korleis diskursteoretiske perspektiv kan brukast i
empiriske studiar. Welfare workers’ definitions and understandings of substance use problems have vital
consequences for how those experiencing substance use problems are assessed and for the
structure and delivery of welfare services. This dissertation focuses on how the professionals’
understandings and conceptualisations of substance use problems and of substance use work
are culturally embedded. Informed by a discourse-theoretical approach I explore the mutual and
dynamic interaction between the individual and culture based on the following general research
question:
Which discursive resources do the counsellors use when they, in practice narratives, give
meaning to substance use problems and substance use work, and which client positions, helper
positions and types of substance use work are produced accordingly?
The study is based on 41 teller-focused interviews with 23 counsellors employed at three
different NAV offices. The counsellors have various experiences with substance use related work.
The practice narratives produced in the 41 interviews are analysed by applying analytic
concepts suitable for exploring the connection between the individual and culture. The analysis
illustrates cultural, dynamic and naturalised conditions for how substance use and substance
use work are constructed. The study gives an insight into some of the cultural resources the
professionals draw on to make sense of their work experiences, and demonstrates how the
cultural resources that come into play have implications on what positions the clients are
offered, on how the professionals understand their own position and on how they account for
and justify their practice.
The results of the analysis are presented in three articles. In the first article I ask: How do
discourses on substance use problems relate to discourses regarding age, and which subject
positions are produced by this dynamic intersection? The analysis reveals how the use of
discourses on age contributes to prioritising and differentiating between clients, constituting
substance use problems and substance use work, constituting related issues such as
responsibility and vulnerability and making specific helper and user positions available.
The second article deals with the following research question: Which interpretative repertoires
are used by counsellors to narrate change and absence of change among their clients, and how
do they position themselves accordingly? The article unwraps the concept of change and
provides insights into the variation and movement in how change is given meaning in the
counsellors stories. The article also shows how understandings of change influence the helper’s
experience of success and responsibility, how the counsellors talk about substance use problems
and how the professionals position helpers and clients.
The third article explores the following questions: Which formula stories regarding people with
substance use problem are used in the interviews? How do the formula stories contribute to
giving substance use problems and substance use work particular meaning, and what plots and
characters do these stories produce? In this article I present four generalised stories about clients
who have substance abuse problems, with corresponding plots, codes and characters, and I show
how these stories are part of a cultural context through which the counsellors make sense of
their experiences, produce client identities and explain and legitimise practices.
All in all the dissertation analyses provide an insight into ways in which the professionals draw
on culturally situated discursive resources. The analyses demonstrate how understandings of
substance use problems and substance use work are continuously presented and negotiated in
ambiguous, dynamic and personal manners, while at the same time meaning is created
according to what is seen as valid and legitimate in the cultural and institutional context which
the counsellors are a part of.
The dissertation also provides insight into how naturalised cultural resources contribute to
giving meaning to substance use problems and substance use work. By analysing the meaning
making of substance use problems and substance use work in ways that display and go beyond
naturalized and established understandings, the dissertation provides a basis for reflection,
which may benefit further examination and negotiation of established understandings. Because
the study adopts analytic approaches that are only marginally represented in research on social
work in Norway, the dissertation also provides a methodological contribution to how the
connection between professional work and culture may be explored.
The dissertation provides knowledge relevant to researchers, students, politicians, leaders,
professionals and others who share an interest in substance use problems and substance use
work. The dissertation is also relevant for anyone interested in how discourse theory
perspectives may be employed in empirical studies.