dc.description.abstract | Av og til må etikk bygge på politikk, og ikkje omvendt. Profesjonsetikk er eit døme på dette. Profesjonsetikkar har eit politisk grunnlag. Ein del av dei - truleg kontroversielle - standpunkta som føl av dette, og som eg ikkje skal argumentere særleg for her, er at det vert feil å sjå på profesjonsetikkar som forlengingar av det Knut Erik Tranøy (1998) kallar "allmennmoralen". Dessutan vert religiøst motiverte moralfilosofiar og etiske kodeksar av perifer interesse for å skjøne grunnlaget for profesjonsetikkar, sjølv om dei kan vere viktige for utforminga av konkrete handlingsreglar. Noko tilsvarande gjeld til dømes nærleiksetikkar av den typen som Arne-Johan Vetlesen og hans og min makkar Per Nortvedt, står for, og fleire andre typar moralfilosofiske posisjonar. Dette tyder ikkje at slike etikkvariantar er uinteressante for profesjonsetikken. Det tyder berre at kjelda til profesjonsetiske problemstillingar ikkje ligg her. | en |