Tilbakemeldingskultur hos tilsette i barnehagar: Ei empirisk undersøking
Master thesis
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3021201Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tilsette i barnehagar står i relasjon til komplekse krav frå omgivnadane. Ved å leggje til rette for tilbakemeldingar i kvardagen kan avdelingane i barnehagen utvikle ein kultur for læring. Følgjande kan tilsette oppleve auke i trivsel, tilhøyrsle og effektivitet på arbeidsplassen. Studien undersøkte frekvens av tilbakemeldingar, type tilbakemeldingar og effekten av desse. Direkte observasjon av 10 deltakarar over 15 dagar, der avdelingane fekk presentert ein uavhengig variabel, presentasjon om tilbakemeldingar og graf, på ulike tidspunkt. Hovudhypotesen var at frekvensen av tilbakemeldingar vil auke etter intervensjon. Andre del av hypotesen var at tal på spesifikke tilbakemeldingar auka etter intervensjon. Resultata viser at avdeling 1 fekk ei auke i frekvens av tilbakemeldingar etter intervensjon, medan avdeling 2 ikkje hadde førekomst av tilbakemeldingar etter intervensjon. Avdeling 1 hadde ei auke i frekvens av spesifikke tilbakemeldingar etter intervensjon. Resultat på avdeling 1 viser høg effektstorleik i positiv retning (Tau-U = 0.58, p = 0.07), avdeling 2 viste låg effektstorleik i negativ retning (Tau-U = -0.15, p = 0.67). Det vart gjennomført ei sosial validitetsmåling i form av eit spørjeskjema for å rapportere deltakarane si subjektive oppleving av studien. Artikkelen diskuterer implikasjonar av funn, samt avgrensingar av studien og prosedyre.