Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGedde-Dahl, Trine
dc.contributor.advisorØgreid, Anne Kristine
dc.contributor.authorTjeldflåt, Sigrid
dc.date.accessioned2019-03-11T13:21:28Z
dc.date.available2019-03-11T13:21:28Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/10642/6757
dc.descriptionMaster i skolerettet utdanningsvitenskapen
dc.description.abstractSkriving som grunnleggjande ferdigheit er eit klart satsingsområde i skulen i dag. Medan dei fleste studiar kring skriveoppgåver i skulen i stor grad dreier seg om testar og eksamensoppgåver, er det i følgje Otnes (2015)i liten grad forska på oppgåvene lærarane sjølv gir. I min studie ønskjer eg å setje fokus på skriving i samfunnsfag, og har difor undersøkt oppgåvene lærarane sjølv gir, saman med elevtekstane desse fører fram. Dette kjem til syne i mi problemstilling: Kva skriveoppgåver og elevtekstar blir det arbeidd med i samfunnsfag på 7.trinn, og kva kjenneteiknar desse? For å undersøke dette fekk eg tilgang til Normprosjektet sitt tekstkorpus. Eg henta difor oppgåvetekstar og elevtekstar frå 7. trinn frå begge intervensjonsåra i Normprosjektet. I arbeidet med å undersøke kva som kjenneteiknar oppgåver og elevtekstar, retta eg merksemda mot empatioppgåver og empatitekstar i samfunnsfag. Skram(2011) viser til empati som ei intellektuell ferdigheit i samfunnsfag, som heng nært saman med elevar sitt historiemedvit. Historiemedvit er i følgje Lund(2009) eit overordna mål i læreplanen, og Bøe (2002) peiker på at empati er ein viktig føresetnad for å utvikle elevars historiemedvit. Gjennom empatioppgåvene kan elevane utvikle forståing for andre liv og situasjonar frå fortida. Eg byrja med å kategorisere alle oppgåvene frå materiale knytt til samfunnsfag på 7.trinn. Ved å ta i bruk Otnes rollekategoriar gjorde eg ei analyse av dei reine samfunnsfaglege oppgåvene. Funna mine var tydelege, av dei totalt 19 oppgåvene var 11 av desse knytt til empatikarrolla. Denne studien tek sikte på å gi innsikt i korleis empati og historiemedvit kjem til uttrykk i elevtekstar i samfunnsfag på 7. trinn. For å undersøke dette har eg gjennomført ei tekstanalyse av empatioppgåver og empatitekstar. Hovudanalysen baserer seg difor på tre oppgåvetekstar og seks elevtekstar på 7. trinn. Ved hjelp av Macken-Horariks domene har eg identifisert empati og historiemedvit gjennom tekstanalytiske grep og ulike tidsaspekt i elevtekstane. Studien peiker på at empatioppgåver er utfordrande, fordi dei krev at elevane skal hente kunnskap frå eigne erfaringar, samstundes som det skal knytast til teori frå historiefaget. Empati og historiemedvit kjem til uttrykk i varierande grad hos elevane. Fleire av elevtekstane får fram ulike og viktige aspekt frå historia, og to av elevtekstane skil seg ut ved at dei i større grad tek i bruk kunnskap frå teori i historiefaget. Likevel ser ein ei klar overvekt av erfaringsorientert kunnskap i elevtekstane.en
dc.language.isonnen
dc.publisherOsloMet - storbyuniversiteteten
dc.subjectSkrivingen
dc.subjectSamfunnsfagen
dc.subjectHistoriemedviten
dc.subjectSpråken
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283en
dc.titleSkriving i samfunnsfag. - Ein analyse av empati og historiemedvit i oppgåvetekstar og elevtekstar på 7. trinnen
dc.typeMaster thesisen
dc.description.versionpublishedVersionen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel