Sammendrag
Artikkelen utforskar spørsmålet om religionskritikk i norsk skule med særleg blikk på religions- og livssynsundervisninga i grunnskule (KRLE) og på vidaregåande trinn (RE). Eg tar utgangspunkt i to bidrag av nyare dato til tematikken, frå filosofen Gunnar Skirbekk og religionsvitaren Bengt-Ove Andreassen. Ut frå ei drøfting av religionskritikkens form og funksjon i klasserommet ønskjer eg å retta merksemd mot det didaktisk sett viktige spørsmålet om skulefagets praktiske ontologi. Med dette meiner eg spørsmålet om kva som grunnleggjande sett får sleppa til som relevante perspektiv og gyldige rammer for skulen sitt KRLE/RE-fag. Det er her viktig at skulefaget ivaretar eit ope arbeids- og samtalerom, som i sin tur inneber eit fagleg perspektiv- og metodemangfald i det didaktiske arbeidet, også i måten ein arbeider med religionskritikk på.