dc.description.abstract | I denne oppgåva vert det undersøkt korleis bakgrunnsfaktorar ved informantar og faktorar ved
oppgåver påverkar søkeåtferd. Datamaterialet er søkeloggar og spørjeskjema frå INEX
Interactive track 2006. Resultata viser at oppgåvefaktorane generelt påverkar søkeåtferda meir
enn bakgrunnsfaktorane. Det vil seie at personar med ulike utdanningsnivå, morsmål,
søkeerfaring, fagtilknyting, emnekunnskap eller emneinteresse søkte meir likt enn personar
som løyste ulike oppgåver. Oppgåvestruktur, om informanten skulle søke etter eit eller fleire
emne i løpet av ein sesjon, er den faktoren som påverka søkeåtferda i materialet mest. Av
bakgrunnsfaktorane er det emnekunnskap som gjorde størst utslag på søkinga. | nob |