Det første forgreiningspunktet: Vidaregåande utdanningsval i ein norsk bygdekontekst
Journal article, Peer reviewed
Postprint version of published article
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/10642/2103Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Heggebø, K. (2014). Det første forgreiningspunktet:-Vidaregåande utdanningsval i ein norsk bygdekontekst. Tidsskrift for samfunnsforskning, (02), 142-170. https://doi.org/10.18261/ISSN1504-291X-2014-02-01Sammendrag
Vidaregåande utdanningsval er det første forgreiningspunktet for norske elevar, og valet får ofte varige konsekvensar for deira framtidige utdannings- og yrkestileigning. Utdanningsvalprosessen er fortsatt ganske dårleg forstått, og denne studien forsøker å bidra med meir kunnskap om dette viktige punktet i ungdommars liv. Datamaterialet består av ei spørjeskjemaundersøking som vart gjennomført av 10. klasseelevar i kommunane Etne og Vindafjord, samt karakterinformasjon om dei same elevane. Karakternivå legg sentrale føringar for elevar si utdanningstileigning. Lineære regresjonsanalysar av elevane sine gjennomsnittskarakterar tyder på at kulturell kapital, i form av antall bøker i heimen og foreldras involvering, spelar ei rolle for elevane sine skuleprestasjonar. Det er også ein samanheng mellom tidsbruk og skuleprestasjonar, i den forstand at tidsbruk på lekser predikerer høgt karakternivå, medan tidsbruk på videospel predikerer lågt karakternivå. Logistiske regresjonsanalysar av elevane sitt sannsyn for å velja allmennfag tilseier at foreldras involvering er ein viktig faktor, medan antall bøker ikkje har noko signifikant effekt. Vidare indikerer analysane at sosiale kostnadsvurderingar er viktige for elevane sitt sannsyn for å velja allmennfag.